Ting eg har gjort sidan sist eg skreiv (skriv liste for å ikkje mista tråden seinare, når eg skriv med meir detaljer):
- Isfiske ein siste gong på Baskatong (stor innsjø nord for Maniwaki)
- Ícaro frå Brasil kom her helga då han fylte året, og me var på "cabane à sucre" og bowling
- Cabane à sucre med venner
- Parade de mode
- Kunstskøyteforestilling til Lara Anabel
- Påske
- Prøveeksamen i fransk
- Cueillette de boutielles
- Marie-Mai-konsert
- Shaman
- Toronto med AFS
Isfiske på Baskatong
Baskatong er altså den største innsjøen i regionen, men han er óg delvis i les Laurentides (naboregionen). Me var der med Daniel og Anne ("onkelen" og "tantå" mi), og me reiste ut klokka 6 om morgonen (fordet morgonfisket er visst det beste, og det tar opp mot to timar å kjøra). Klokka 9 hadde me bora hola ferdig, sett opp fiskestengene, og fyrt i fiskehytta på isen (ja, dei har ei hytte PÅ isen). Me var der frå klokka 9 om kvelden til klokka 4 om ettermiddagen, og me fekk fisk, men ikkje nokon ekstraordinære mengder. Dette var siste gongen me gjekk på isfiske, og det var ikkje så veldig kaldt. isen var mjuk, og viss me la noko på isen og lot det ligga der, smelta isen under, og tingen "sank" (ikkje så lett å forklare, men det var veldig spesielt).
Besøk av Ícaro
Ícaro fyllte året den 27. mars, og han kom til Maniwaki denne helga, og han og Alex sov på golvet på rommet mitt. Me trudde at Ícaro måtte reisa tilbake til Brasil, fordi den andre vertsfamilien hans ville ikkje ha han lenger, og Richmond (sjefen i komitéen i Mont-Laurier) ville senda han tilbake til Brasil, og me ville sjå han før han reiste tilbake, og samtidig feira at han fyllte året. Men då han kom sa han at skulle få vera i Québec heilt til slutten i sommar! På fredag åt me kake, og gjorde eigentleg ingenting veldig spesielt. På laurdag reiste me til "cabane à sucre" (sukkerhytte), der konseptet er at ein et eit måltid der alt er drukna i lønnesirup. På laurdag kveld var me og spelte bowling, og me leide filmer og såg twilight på kvelden. På søndag kjørte me Ícaro tilbake til Mont-Laurier, og Alex til Messines (som er navnet på plassen der ho bur, om lag 10 minutt frå Maniwaki.
Cabane à sucre
Eg reiste til cabane à sucre ein gong til, men med vennene mine frå skulen. Fordi eg ikkje liker lønnesirup så alt for godt (det er alt for søtt), hadde dei veldig lyst å ta meg med til ei cabane à sucre, for at eg skulle få smaka kjøt, bønner, erter, egg, bacon og alt slags rare ting i lønnesirup. Det var veldig koselig, og me tilbrakte ettermiddagen der, sjølv om me var ferdige å ete, men til slutt sa ei av dei som jobba der at me måtte gå for å sleppa bordet til andre gjester. Me blei bokstavelig talt kasta ut!
Parade de mode
Moteparaden på skulen er visst noko avganselevane gjer kvart år. Det er for å samla inn penger til graduasjonen. Det er altså ein mini-catwalk, der elevane er modellar for kleda dei sel i dei lokale butikkane, og foreldre osv. betaler for å koma og sjå på. Eg var ikkje modell, fordi eg ikkje ville, og fordi eg var sikker på at eg hadde snubla. Men eg var bak scenen, og hjalp Simon og Geneviève med klesskifte. Det var veldig stressande, men og veldig kjekt. Eg hadde ikkje tid til å ta bilete bak scenen, men Geneviève skal gi meg ein cd med bilete som ein fotograf tok av alle elevane som ville i eit anna rom under generalprøven, så når eg får den kanskje eg legg ut nokre bilete derifrå.
Kunstskøyteforestilling
Lara Anabel (ei venninne på skulen) går på kunstskøyter, og 11. april var eg, Cindy, Guillaume, Vicky, Geneviève T. og Myganne og såg på forestillinga hennar (fordet året for det er slutt nå). Ho var veldig flink, og det var kjekt. Men eigentleg er det ingenting spesielt med det, men eg skriv om det fordi det er denne dagen Cindy og Guillaume blei offisielt eit par (og eg er veldig glad for det). Etter forestillinga gjekk meg, Cindy, Guillaume og Vicky på rialdo (ein ganske så bra restaurant i Maniwaki).
Påske
Påske i Québec er altså ein dag. Ikkje 10 dager ferie som i Noreg, men fri på ein fredag og ein mandag, der det er kun søndagen som er rekna som påske. Natta frå laurdag til søndag, mellom kl. 12 og kl.5 kan ein gå og henta "påskevatn" (l'eau de pâques). Alt naturlig rennande vatn går an, og dette vatnet blir aldri gult, eller "rotnar" aldri. Påskevatnet har dei same funksjonane som velsigna vatn. Etter kunstskøyteforestillinga, som var laurdagen før påske, reiste eg med foreldrene mine, og me henta påskevatn. På søndagen åt me dîner hjå foreldrene til faren min, og var ein tur hjå foreldrene til mora mi om kvelden. Så, utanom at påske er mykje kortare her, og dei har ingen krim- eller skitradisjoner liknar påsken her i den forstanden at det er ei høgtid meir eller mindre familiær.
Prøveeksamen
7. mai skal me altså ha eksamen i fransk. Det er ein skriftlig eksamen der me skriv ein argumenterande tekst/arikkel (texte argumentatif) på 500 ord. Dei har all slags rare reglar for denne teksten, der innleiinga må ha eit "sujet amené", eit "sujet annoncé", eit "sujet posé", og du kan og ha eit "sujet divisé". Desse er berre å gjera ting meir komplisert enn dei allereie er synest eg, for eg har ennå litt problem med å hugsa kva som er kva, men alt er ting som er naturleg å ha med i ei innleiing. I argumentasjonen må me ha:
- l'argument de la partie adverse (eit argument brukt av dei som meiner det motsatte som meg)
- opposition à cet argument (vise at eg ikkje er enig: Heilt eller delvis")
- dévalorise cet argument (sei kvifor argumentet til dei som meiner det motsatte som meg ikkje er bra)
- apporte un argument qui détruit cet argument (gi eit argument som beviser min meining)
- une conclusion partielle liée à l'aspect (gi ein delløysing)
Eg synest altså at dei gir seg masse problem med å stilla alle desse krava til oppbygging, og lar innhaldet nesten ikkje telja nokon ting. Eg kan altså skriva ein tekst med veldig dårlige argument, men viss strukturen i teksten min er bra, kan eg få ein veldig god karakter likevel. Me hadde uansett ein prøveeksamen for å øva oss, der me skreiv om vassproblematikken i verda i dag, med problemstillingen som likna på dette: "Burde me selja vatnet ein finn i Québec til utlandet?". Det gjekk ikkje så alt for gale trur eg, men eg har ikkje fått karakteren ennå (trur eg får vita det i morgon, og eg skal prøva å få skrive når eg får han)
Cueillette de bouteilles
Foreldrene mine er altså med i "optimistforeningen" i Déléage (ein klubb som organiserer ting for ungane i nabolaget), og 18. april hadde dei flaskeinnsamling, der me kjørte rundt i landsbyen og banka på dører og spurte etter flasker. Eg ville berre skriva dette fordet eg føler meg veldig integrert når eg gjer frivillig arbeid for lokalsamfunnet.
Konsert
Marie-Mai er ei jenta som va med i star academie (liknande idol) i 2003, som er meir eller mindre kjend i Québec, og ho hadde konsert i Maniwaki sist torsdag. Ettersom Maniwaki er veldig lide og det ikkje skjer så mykje var dette ei ganske stor greie, og då billettane kom på halv pris pga. mangel på tilskuarar bestemte meg og mora mi oss for å gå saman med Sylvie og sonen Francis på 10 år. Der var masse småjenter der, men det var forsåvidt ganske bra. Det er i alle fall den første "store" tingen som har skjedd i Maniwaki sidan eg kom her.
Shaman og selskap til Myganne
På fredag hadde me ikkje skule, og Cindy og Geneviève kom og henta meg rundt kl.2. Me reiste til Myganne (som feira bursdagen sin denne dagen). Genevève T. var der allereie, og dei viste meg rundt i huset, me åt rester av sjokoladen dei hadde hatt til ein "fondue au chocolat", pappbrød som dei gir i gudstjenestane (dei sel dette brødet i flak på butikken, som heilt vanleg vare, som folk et som erstatning av chips, det va ganske rart synest eg), og me prøvde å lage suppe. Suppa blei veldig mislykka, og heldigvis kom faren til Myganne heim og redda suppa vår. Rundt kl.5 reiste meg og Cindy og Genevève til Blue Sea (ein plass her, ja eg veit dei har rare namn), for å gå til shaman. Me gjekk inn ein og ein, og han brukte tarotkort, og fant ut masse ting om oss som han ikkje visste frå før av, og han sa ting om framtida. Eg skriv ikkje alt det han sa, men eg kjem visstnok til å få to unger, og eg kjem til å reise mykje, og arbeida innanfor helse eller utdanning. Etterpå reiste me tilbake til Myganne og åt (dei hadde åte medan me var hjå shamanen). Dei hadde ein "lek" med maten, der me hadde bestemt rettane før me åt, men det var berre nummer, så me visste ikkje kva der var. Eg endte opp med å eta kaka med grønnsaker til forrett, suppe med ein kniv, og så lasagne som eg åt med ein gaffel. Cindy måtte eta suppa med eit glas, og Genevève åt lasagnen med hendene!
Toronto
I går kveld kom eg heim frå Toronto. Det var ein tur med AFS, der alle AFS-studentane i Québec var invitert (pluss eit par studentar i Ontario blei óg med). Me var litt over 100 studentar, og det var veldig kjekt. I byrjinga kjente eg berre Alex og Ícaro, og forsåvidt dei norske jentene som var der, men me snakka med masse folk og det var veldig koselig (sjølv om eg ikkje hugser namna på meir enn kanskje 10-20 personer). Me såg musikalen "we will rock you" (eg visste ikkje at dei hadde musikaler i Toronto, men det var veldig bra), såg Niagara falls, var oppe i CN tower, var på eit playdium center (det var ganske kjedelig med speleautomater), og handla litt, og var med andre utvekslingsstudenter, så alt i alt var det veldig kjekt.
Legg litt fleire bilete på facebook for dei som vil sjå.
Off, i helga skal eg ha danseframvising! Eg gruer meg..
