fredag 10. oktober 2008

Caverne laflèche

Fann ut at nå var det lenge sidan eg hadde oppdatert. Off, er så lenge sidan eg har oppdatert nå at eg veit liksom ikkje heilt kva eg skal skriva, for det har skjedd så mykje, men samstundes ingenting. Er liksom meir kvardagsliv no, i byrjinga var alt nytt, men no er alt kvardag. Går på skulen, stresser med å analysera romanutdrag i fransken (det er nesten bare det me gjer), og har problem med å forstå économie. Nå skal me laga vår egen "entreprise" i économie. Veit ikkje heilt korleis det skal gå, men, men. Skulen går faktisk ikkje så alt for galt. I nokon fag i alle fall. Har 78 komma eit eller anna i gjennomsnitt i francais correctif (alle karakterar blir gitt i prosent), har fått 98 på den første prøven i matten (men det er fordet eg er plassert i den lettaste matten utan at eg var klar over det, og fransken i matten ikkje er så galen å forstå). Resultatet på prøven i économie har me ikkje fått ennå, men eg kjem ikkje til å stå, fordet eg hadde gløymt å øva, så eg kunne ikkje stoffet, og eg forsto ikkje spørsmåla sjølv om eg hadde ordbok. Gjekk stort sett i gjetting, og for å stå må eg ha 60 % rett, noko som eg definitivt ikkje har. Ligg an til å stryka på den første stilen i fransken min og. Får 0 viss eg har meir enn 35 feil (trur i alle fall det var 35 me kunne ha). Mandag er det forresten ikkje skule, for det er Action de Grâces (thanksgiving). Men Thanksgiving her er ikkje som i USA, her er det bare ein fridag. Men det er greit det og.
Forresten blir det stadig kaldere, har vore frost eit par dager (som Alex syns var KJEMPEfint.. Tipper ho kjem til å vera heilt i ekstase med den første snøen. Men så er ho jo vant med 30 grader året rundt)
Men det eg egentlig skulle skriva om er caverne lafleche. Det va der me va i går. Det var meg, foreldrene mine, Alex og foreldrene hennar. Og det va sinnsjukt kjekt! Men altså nå skal eg forklara skikkelig kva det er. Det heiter eigentleg aventure lafleche, og består av ei grotte og forskjellige ting oppe i trer i ein stor skog. Me var først på guida tur i grotta, der me bl.a. såg masse flaggermus (men dei sov sidan det var dag). Etterpå sette me i gong med å gjera aktivitetane oppe i trea. Det var forskjellige platformer, liner, veierar, liner o.l. som veia rundt medan me klatra og skulle koma oss vidare. Me byrja med kanskje fem meters høgde, og den siste var på 34 meter (som er høgare enn det høyrest ut). Det var tirolyenne extreme, og det var berre meg og Ann (mora til Alex) som tok den. Ein tirolyenne er ein lang veier som me hekter oss fast til, og så "renn" me høgt høgt oppe i lufta. Det er den beste forklaringen eg har på det, de forstår kanskje betre av å sjå på biletene. Det er i alle fall veldig kjekt. Legg ut litt bilete så de kan sjå og forstå meir kva me faktisk gjorde:

Masse flaggermus!


Inne i grotta

Dette er i byrjinga


Her kan du sjå høgda litt, Francine er kjempeliten på bakken nede til venstre. Det er forresten Ann som er oppe på høgde med meg.


Desse tinga vingla masse då me gjekk

Daniel i ein tirolyenne

Dette trur eg er Ann, eg synest berre det er eit stileg bilete. Eg og gjekk der!

Dette er ein litt større tirolyenne, men ikkje den ekstreme som meg og Ann tok. Eg har ikkje bilete av den største. Dette trur eg er Jean-Marie forresten.

Meg i slutten av den siste tyroliennen

10 kommentarer:

Far sa...

Hei

Først til lese oppdatering..waoooo
Se ut for at de har hatt det råkjekt.
Helsar fra farmor og.... ho har lest oppdatering sammen med meg.

Far

mari sa...

Wowww..
Det såg ja bare knall stiligt ut. Så kjempe jillt ;) Ser ut som om du har fått kjempe artige substitutt foreldre som gjer jillare ting med deg enn å komadera deg ut på tur med Eros/Lucas.. ;) Forresten imponerande bra karakterar ..

Klem Mari

Tone sa...

Nora, eg syns godt du kan oppdatera oftare! :P Ingenting spanande som skjer heime i alle fall, så det er greit å lese om nokon som har det kjekt, haha. Kult at du får oppleva litt sånne ting og, og ikkje berre vanleg daglegliv. Såg jaffal utruleg spennande ut! Kos deg vidare! :)

Ragnhild sa...

Å det så knallkjekt ut, Nora:)
Bra du kose deg! ;D

Oda:) sa...

sinnsykt kjekt:D de så gøy ut me den der aktiviteten der dåkk rente i liner:P hehe stresse me fransk her heima og...plutselig forventes de så mye meir:S :P ganske drit...men eg klare meg vel:P du komme jo te å få kjempekarakter i fransk når du kjeme heim:D matten går forresten drit...syyykt vanskelig:S eg håpe de går bedre itte kvert...de e bra du oppdatere så har eg någe å lesa på:D haha savne deg noramin:) <3

Iselin sa...

ojojoj, dette såg spanandes ut!
btw, du bjunne å bli slakke me oppdateringane!

Oda sa...

Snakk fo deg sjøl iselin...:P hehe

Hanna sa...

Hei Nora!
Det hoertes jo kjempekjekt ut. Hehe.. eg likte kommentaren til Mari.;) Syns det gaar nedover med blogginga di ja, men det er jo forsaavidt greit for dei av oss som faar mail av og til. Men veldig kjekt med bilde. Saa bra at du faar det bra til paa skulen og!
I morgon er det siste dagen vaar paa same kontinent. Saa baerer det tilbake til Europa. Syns absolutt du boer ta ein tur til New York om du har muligheten. Veldig spennandes by, og naa kan jo baade meg og Kirsten gi gode tips. (kanskje ikkje spoer kirsten om retninger og saannt, det kan eg ta meg av.. hehe)
Hanna

mor sa...

Hei igjen Nora.
Hallemin, KATT! Du kjem vel ikkje heim igjen nå, når du har fått den nydelige katten!? Jammen er dei snille med deg. Og så gjildt som du har det! Det såg forresten VELDIG høgt ut det der! Det hadde iallefall ikkje eg tort! Veldig gjildt å lesa oppdateringane dine. og veldig fine bilete. Klem mor

kirsten sa...

Hæ,
eg såg først Hanna sin kommentar nå,- hinter om at eg ikkje har rettningsans??
Men eg må sei at Hanna var ein utmerka reiseleder. Og NY er vel verdt eit besøk om du kan. Mange høge byggninger, men det visste du kanskje ;) Kanskje du kan fire deg ned frå ein av dei også? ;)